mandag 4. april 2011

Reklamasjon på nynorsk




Eg synast at det og lage reklame på nynorsk  har både føremoner og ulemper. Den største føremonen må vel vere at nynorsk verkeleg er ein dialekt som reflekterer norsk historie på best måte. Det viser også at vi har greidd å helde den norske kulturen vedlike, og at det nynorske språket ikkje dør ut. Mange kan kjenne seg bedre igjen i det nynorske språket, og føle at dette er meir norsk enn vanleg bokmål. Nynorsk signaliserer identitet, den norske identiteten og det er kanskje nu det er meir viktig å vise nettopp dette. Nynorsk viser at Noreg er eit land som bevarer sin identitet, sin stolthet, og det er kanskje det dei vil legge ekstra vekt på når dei lagar reklame på nynorsk. 



Nynorske reklamar fremstår også kanskje som eit meir vakkert språk. Det høres kanskje vakrare ut, selv om det kanskje kan vere vanskeleg å forstå. Nynorske frasar og dikt kan også vere med på og gjere reklamen meir interessant og vakker. Nynorske reklamar burde kunne appellere til alle, og i lag med den norske natur, kunne reklamane vise kor vakker Noreg faktisk er. Selv om nynorsk kan vere vanskeleg å forstå, er det også ein del ting man kan tenkje seg til bare ved å høre på nynorsk. Nynorsk er ein del av Noreg, og den delen er det bra at blir representert slik som i reklamar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar